Informasjon og ekstra tenester til våre kundar i forbindelse med Corona-viruset!

Vi har døgnbemanning på taxi-tenesta og køyrer som normalt.

Vi bed om at våre kundar, som har fått, eller har mistanke om at de har fått smitten, om å ikkje nytte seg av taxi.

Dette er særs viktig å respektere, for å forhindre at våre sjåførar og køyretøy er med på å spreie smitte, då vi transporterar personar med nedsett immunforsvar og eldre.

Som nemnt over køyrer vi som normalt, praktisera ekstra tiltak i forhald til reinhald og desinfisera utsette overflater og kontaktpunkt i bilane fortløpande.

Vi bed og kundane om å setje seg bak, så langt det let seg gjere, for å minske smitte-risikoen.

Vi ynskjer å ta del i felles dugnaden i denne, utanom det vanlege, situasjonen vi er i.

Vi tilbyr difor fylgjande, itillegg til ordinær drosjedrift:

Hente / bringe ferdig pakka varer frå butikk til bustad for kr.150, ynskjer du at vi hentar varer / ferdigmat frå fleire stadar kjem eit tillegg på kr. 30 per ekstra hentepunkt.

Plukke varene i butikken for deg og levere dei til bustad kr. 250, ekstra handlepunkt kr. 50 / ekstra hentepunkt kr. 30 per punkt.

Bestillingar kan gjerast via telefon.

Prisen gjeld for sentrumsområda – Sentrum, Hol, Setrevegen m/ stikkvegar t.o.m. Markevegen, Bøe, Rise og Bruagrenda og Visnes.

Prisar utover nemnde område, ring for meir informasjon.

Minner om at du når oss på telefon +47 57 87 23 50 Dersom du treng å formidle noko skriftleg kan du sende epost til post@stryntaxi.no men denne eposten vert noko sporadisk lesen så ta kontakt på telefon.

Mvh
STRYN TAXI